Startpage





download musicfile

Ved Olavs-kjelda
Doggfall i ein dal : dikt 1966.





VED OLAVS-KJELDA

Du stâr ved eit tempel for tru.
Hit kom dei og tagg om helse;
her fall dei på kne.

Då hende det under på under.
Prøv på det same, du!
Ja. Fall først på kne.
Dâ ser du ei skinande flate.
Ho flimrar og glimtar av sølv.
Sjå djupare ned!
Då finn du   d e g   s j ø l v .

Kan hende du maktar meir?
Du let auga søkke framom deg,
framom deg sjølv og ditt eige spegelbilete.

Dâ øygnar du blåhimmel under.
I djupn pâ djupn blânar den fram.
Kva ser du der bak?
Eit under?
Ei ny helse?
Eit feste, ei   f r e l s e ?

Då skjønar du brått:
Blånane under deg i røynda er blånane   o v e r   d e g !
Når du audmjuk står på kne
og bed.



skrevet av Bjarne Slapgard


Bjarne Slapgard (født 11. november 1901 i Verdal - 25. desember 1997 i Levanger) var en norsk forfatter og folkehøgskole-lærer.


tonesatt av Abnescio


Abnescio ble utdanna ved universitetet i Trondheim. Og bor nå ved byen Molde. Og er barnebarn av Bjarne Slapgard.